Påmelding

Dato Kl. Navn Ledig Medlem Ikke medlem
20.09.2025 12:30 Kva er idrettspsykologi? Siste foredrag 30 ledige plasser Gratis Gratis

Kva er idrettspsykologi? 🧠💪

Har du nokon gong kjent på at motivasjonen dalar – sjølv om du eigentleg veit at trening er bra for deg? Eller at du blir distrahert, utset økta, eller saboterer deg sjølv med tankar som: «Dette klarer eg ikkje».

Då er du ikkje åleine. Og det er nettopp her idrettspsykologien kjem inn.

Idrettspsykologi handlar ikkje berre om å overvinne barrierar – men like mykje om å byggje vidare på det som allereie fungerer bra, slik at du kan få endå meir glede og utbytte av treninga.

Bli med på eit engasjerande og lågterskel føredrag der Andreas Fjærbu – idrettspsykologisk rådgjevar og mental trenar – gir deg eit innblikk i kva idrettspsykologi eigentleg er, og korleis mentale teknikkar kan skape meir treningsglede, betre fokus og sterkare motivasjon i kvardagen.

Passar for:

Alle som trenar – anten målet er å prestere, kome i form eller rett og slett ha det betre.

Deg som er nysgjerrig på korleis hovudet kan trenast like målretta som kroppen.

📍 Stad: Spenst Førde – Sal 1

📅 Tid:

Tysdag 10. september kl. 17.00

Fredag 20. september kl. 12.30

💸 Pris: Helt gratis!
👉 Meld deg på!

Andreas Fjærbu
Tlf: +47 46793966